1 Čilge iežat ášši
2 Čoakke vuolláičállagiid
3 Ovddit ášši árvvoštallamii

    Sending av møta i formannskapet på nett

    Volda, Møre og Romsdal
    Sending av møta i formannskapet på nett
    Álggahuvvon: 14.04.2026 bokte Jan Ivar Beddari
    Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 01.06.2026
    Innbyggjarforslag etter kommunelova § 12-1 – Sending av møta i formannskapet på nett Bakgrunn og grunngjeving Me underteikna fremjar med dette eit innbyggjarforslag til Volda kommunestyre. Me ønskjer at kommunestyret gjer vedtak om at også møta i formannskapet i Volda kommune skal overførast direkte på nett og gjerast tilgjengelege i arkiv, slik praksisen er for kommunestyremøta i dag. Demokratisk informasjonsansvar Kommunestyret har nyleg gjort endringar i den politiske organiseringa der to utval (Tenesteutval for helse og omsorg og Tenesteutval for oppvekst og kultur) er lagde på is. Dette fører til at formannskapet no får ei meir sentral rolle som det viktigaste førebuande organet for kommunestyret. Når sakene ikkje lenger vert drøfta i breie utval før dei når formannskapet, vert den politiske debatten og dei faktiske prioriteringane flytta hit. Auka interesse blant innbyggjarane For innbyggjarane er det avgjerande å kunne følgje med på dei politiske prosessane medan dei skjer. Ved å avgrense direkteoverføringane til berre kommunestyret, går innbyggjarane glipp av dei drøftingane og premissane som vert lagde i formannskapet. I Ørsta er det godt etablert praksis å sende både formannskap og utval direkte, noko som viser at dette både er teknisk mogleg og demokratisk ønskjeleg. Openheit som verdi Eit levande lokaldemokrati føreset at innbyggjarane har enkel tilgang til informasjon. Ved å strøyme formannskapsmøta vil kommunen: - Styrke tilliten mellom folkevalde og innbyggjarar. - Gjere det enklare for småbarnsforeldre, arbeidstakarar og personar med nedsett mobilitet å følgje den lokale samfunnsutviklinga. - Sikre at media og interessentar kan referere korrekt frå dei politiske ordskifta. Forslag til vedtak: 1. Volda kommunestyre vedtek at alle møte i formannskapet skal overførast direkte via kommunen si nettløysing. 2. Opptak av møta skal gjerast tilgjengelege i eit arkiv i ettertid, på lik linje med kommunestyremøta. 3. Kommunedirektøren får i oppdrag å setja i verk dei nødvendige tekniske og praktiske tiltaka innan utgangen av [dato].

    5 kommentárat:

    Finn Arne Follestad

    Lávvardat 18.04.2026
    Ja jeg ser frem til at det kommer opp i kommunestyre det burde i dag være en selvfølge

    Jan Ivar Beddari

    Lávvardat 18.04.2026
    Hyggelig med støtte! 1. Klikk på "Skriv under sak" litt lenger opp og fyll ut navn og adresse 2. Del gjerne linken https://formannskapet.live med andre, den peker til denne sida!

    Anders Bjørklund

    Bearjadat 17.04.2026
    Kepp

    Sirikit Vågen

    Bearjadat 17.04.2026
    Støttar at Formannskapsmøta vert streama. Håper dette vert vedteke!

    Marita Dalebø Mork

    Bearjadat 17.04.2026
    Ja

    Lasit kommentára

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Čále vuollái dán ášši

    Deavdde nama, čujuhusa ja poastanummira go áiggut čállit nammačállagat áššái. Dieđut dárbbašuvvojit, vai du nammačállaga sáhttet dohkkehit.